Sv: Sausetråden
Ganske så kjapp og enkel bearnaise
Du treng:
1 sjalottlauk (eller ein halv, liten vanleg lauk)
1 ts tørka estragon
2 ss kvitvinseddik
2 ss vann
150 gr meierismør
3 eggeplommer
Salt
Fres finhakka lauk saman med 1 ss smør på middels varme ca 1 minutt. Tilset estragon, kvitvinseddik og vatn og la det koke inn til det halve.
Smelt smøret
Ha eggeplommar i ein metall- eller glasbolle og bland inn løkblandinga.
Kok opp nokre cm vatn i ei panne og ta den av varmen.
Set bollen med egg- og laukblanding over den varme dampen, hugs å ikkje setje panna tilbake på varmen.
Tilset smøret i ein tynn stråle medan du vispar. Når sausen tjuknar er den klar til servering.
Dersom sausen ikkje blir tjukk tar du bollen vekk frå panna, kokar opp vatnet igjen og gjer som sist.
Smakt il med salt
---
NB: Ikkje bli frista til å la eggeblandinga stå over damp medan vatnet kokar. Då går det fort over styr og du sit med ei klumpete, dårleg eggerøre i staden for ein herleg, luftig saus.
__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
|