Sv: Unpopular opinion-tråd
Sidan eg sitt her og gruar meg til vinterferien kan eg også nevne at eg hatar alt som har med ski å gjere. Både nedover- og bortover-ski!
Det er det litt tabu å innrømme når ein er norsk. Særlig i akademiske kretsar, der eg jobbar. Alle har hytte på fjellet og alle elskar å stå på ski! Eg er møkka lei av at nesten alle samtalar i lunsjen pensar over på ski for tida.
Det verste er at ein ikkje blir trudd når ein seier at ein ikkje likar det. Då er det berre fordi ein ikkje har dei rette skia eller ikkje har gått på ski dei rette plassane. Eller så blir ein anbefalt å ta eit skøyte-kurs, for då får ein sååå mykje meir ut av det 
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|