Sv: Dikt om eller for arbeiderbevegelsen
Synes dette av vår lokale poet er så bra:
I dag hadde eg æra av å vera konferansier på 1. maiarrangementet på Husnes. Nokre ord i anledning dagen er på sin plass.
FYRSTE MAI 2022
Har du tenkt på at du er betydningsfull?
du er ei viktig brikke og god som gull.
Eg og du er ein del av det store vi
i samfunnets finstemte maskineri.
Du er akkurat den biten maskineriet treng
for at tannhjulet skal kunne svive på spreng.
Det er akkurat deg vi treng å ha på plass
anten du jobbar i helse, skule, industri eller olje og gass.
Vi er alle ein viktig del av vårt vesle land
om du jobbar med teknologi eller trøystande han.
Vi er det den store maskina som går og går
som er bygd opp av fagrørsla i over 100 år.
Alle veit at når store maskiner skal kjørast
må det vedlikehaldast, stellast og smørast.
Det må haldast i hevd med kyndig hand
kvar minste del og tannhjul må haldast i stand.
Maskina er oss, i samspel som ein symfoni
alle like eineståande, sjølvstendige, sterke og fri.
Utan deg i maskina går alt på tverke
Kvart tannhjul er viktig, saman er vi sterke.
Arne Torget
(Kanskje Ikkje kjent nok, men leses det på vestlandsdialekt så kan det hende nokon tar det? Arne Torget var med i Norske Talenter for nokon år sidan).
__________________
De tre håpefulle
1987-storesøs 1997-mellombror 2004-lillesøs 2009-bonussøs
|