Sv: Ditt yndingsdikt
Ta vare på stunda
Slepp ho inn når ho bankar på
rydd plass til ho midt i kvardagen,
for stunda er her og nå.
Lær å sette deg litt nedpå,
same korleis ho er,
for noko har ho å gi deg,
det er derfor ho er her.
Ta godt vare på stunda,
og takk for den tida ho sat,
for akkurat denne eine,
ho kjem aldri att.
Du trudde for lenge sia at
stunda var noko du skulle få,
berre du eingong var ferdig,
med det du dreiv på med nå.
Men du rakk aldri å opne,
dei gangane ho banka på,
og skjønte for seint at
stunda støtt er her og nå.
Hans Ludvig Fredheim
|