Vis enkelt innlegg
Gammel 30-01-22, 18:55   #23
Olvina
Gjer så godt eg kan
 
Olvina sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Innlegg: 2.653
Blogginnlegg: 179
Olvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt likt
Standard

Sv: Er innenlands matproduksjon viktig?

Norsk landbruk er utruleg viktig av mange årsaker. Beredskap sjølvsagt, gode produkt og produksjon med mykje mindre bruk av antibiotika og gift.

Det mange gløymer i regnestykket om norsk landbruk, er dei enorme ringverknadane norsk landbruk har på anna næringsliv, både direkte og indirekte. Det gjeld alt frå meieri, slakteri og produksjonslag for frukt og grønt, til den lokale coop-butikken, rekneskapsføraren, handverkarar, leverandørar av alt frå traktorer til kraftfôr og diesel. Og endå mykje meir.

Eg er skremt over prisutviklinga som gjer at de og mange fleire vurderer å gje opp, men forstår dykk alle saman. Ein har rett og slett ikkje økonomi til å stå i sånt over lenger tid. Innlegget ditt var veldig godt, Floksa. Ver så snill og distribuer det til media. Debatten i NRK bør absolutt få det tilsendt t.d. Dette er viktig!

Olvina er ikke aktiv   Svar med sitat