Sv: Hvor mye godteri spiser barna?
Godteri får han berre på laurdagar (med mindre vi er på ferie eller det er jul, bursdag el.l.). Det veit han godt sjølv og spør ofte "er det laurdag i dag"? Då kjøper han smågodt for ca 5 kroner, og er godt nøgd med det. Nokre gongar får han litt potetgull, kjeks eller popcorn seinare på kvelden (han et godteriet på dagtid, for eg vil ikkje ha sukker-hyper unge rundt leggetid). Brus får han til middag nokre få gongar i veka (gjerne fredag og laurdag). Kjeks, kaker o.l. får han eit par gongar i månaden.
|