Jeg har mange dikt jeg liker godt. Her kommer i allefall to av dem
NEKROLOG
Og derom eg no, -det Vårherre må hindre,
gjekk inn til den evige ro,
då vart det på jorda ein syndebukk mindre,
og folk sat attende og lo.
Og so for dei gardane kring med ei liste
der kvar etter evne gav sitt,
tildess dei fekk bord til ei uhøvla kiste,
so bygda vart liket mitt kvitt.
So sette dei kista på skralaste kjerra,
og sa ho var god nok åt meg.
So tok dei or stallen den magraste merra,
og dermed so bar det iveg.
Fremst gjekk den halte Kristpinius klokkar
og vagga med ujamne fet,
og attanfor han i dei skravlande flokkar,
gjekk fem kreditorar og gret.
So lyfte dei kista frå stolkjerrekarmen,
og venta med knusande ro,
til presten steig fram med ei bok under armen,
og tala til folket som so,
at "her ligg ein rest av en rasande Saulus,
ein svolk i den vonde si hand,
som Gud kunde brukt til ein frelsande Paulus,
for Kina og Sulukaff-land.
Men denne heldt fram med å stampa mot brodden,
og rasa si gudlause ferd,
til målet var fullt, og han stupte for odden
av Herreguds tviegga sverd.
Og difor kann folk ta han-her som eksempel
på ein som slo vrak på sitt kall,
og storma med Satan mot Salamos tempel
til kald på si gjerning han fall.
Og folk sa som slikt, at "har Hinmannen ridt han,
og gjekk han for honom i grav,
ja, då var det jagu på tid me vart kvitt han,
før svinet sveid kyrkja vår av."
Og so for dei heimatt og la seg for natta,
og ljost imot framtida såg.
Men sjølv låg eg djupt under jorda og skratta,
og likte meg godt der eg låg.
Jakob Sande
og så et lite kort, som jeg ikke vet hvem som har skrevet:
Han var godt likt,
Godt og vel så lenge han kunne huske.
Huske, ja,
kanskje han hadde glemte noe ?
Bare en liten detalj...