Vis enkelt innlegg
Gammel 30-07-07, 20:59   #11
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Tradisjonell, norsk mat

Ikkje alltid lett dette her. Ein må jo prøve å finne noko som er eksotisk for dei (og typisk norsk), samtidig må det vere noko dei kan like. Det er absolutt ikkje alle ting utlendingar vil like. Eg hadde styrt unna kvalkjøt, sild, komler (det er altfor rart og ser ekkelt ut for veldig mange) og graut (særlig rømmegraut).

Eg hadde satsa på lam, fisk, røykt laks, spekeskinke (litt fenalår, men mange utlendingar syns dette blir for stramt trur eg) og godt brød.

Stemmer for lammefrikase. Det er ein nokså nordisk rett og smakar nydelig med gode gulrøtter og masse persille. Persille er jo også nordens krydder på eit vis. (trur eg..). Eg syns lammefrikase er minst like godt som fårikål. Og eg tippar at sukessraten for lammefrikase hos utlendingar er høgare enn fårikål. Frikasé ser "penare" ut, fårikål KAN sjå litt vemmelig ut for det utrenede øye (same med komler / raspeballar)

Fisk trur eg at eg hadde servert i form av fiskesuppe. Med eit knasande godt grovt brød til og godt smør. I nødens stund kan Findus sine nedfryste basis til fiskesuppe brukast, men ein lagar mykje betre sjølv.

Ver klar over at ei skål med upilla reker er eksotisk for dei fleste utanfor norden.

Ertersuppe var lurt! Ha i ei skei med skånsk sennep! Ha pannekaker og stekt bacon til! Og gjerne tyttebær. Dette er veldig svensk, men so what?

Rett og slett kjøttkaker i brun saus med gulrøtter, tyttebær, brokkoli og/eller erterstuing. Dette er jo veldig typisk norden. Passar fint om dei skal vere der ein kvardag kanskje?

Spekeskinke og røykt laks hadde eg satsa på som frokost eller kveldsmat. Flatbrød til og godt brød. Eggerøre. Nam..

Iset si oppskrift på sursteik høyres fantastisk ut! Sikkert ein god ide; eg må prøve den sjøl!

Men ja; ingenting slår vel lammesteik...

Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat