Sv: Varsel etter sextrakassering på DNT-hytte
Noko av det som gjer at eg ville opplevd dette som langt meir ubehagelig på ei ubetjent turisthytte enn på Rema1000, er at i dette tilfellet skal dei faktisk sove under same tak som vedkommande som har komme med slibrige kommentarar. Eg kan tåle slikt langt betre i ein situasjon der eg bare kan gå, enn i ein situasjon der ein sitt fast. På Rema1000 går det an å himle med auga eller oversjå kommentaren og bare gå. I ei turistforeningshytte er det ikkje bare å gå ut av situasjonen. Og nettopp derfor tenker eg at det er bra at DNT tar varselet på alvor.
Eg ville følt det utrygt å sovne, viss slibrigheter og kroppsspråk gav meg grunn til det.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|