Sv: Ting som irriterer volum IV
Aller mest irritert over meg sjølv, eigentlig, for at eg ikkje har vore meir karrierebevisst dei siste 3 åra. Eg har liksom tenkt at eg skulle ha den jobben eg har no resten av livet og derfor ikkje tenkt så veldig på CV-bygging.
No blir det lyst ut ei stilling ved mi avdeling som eg faktisk har veldig lyst på. Men eg innser at ein mannlig kollega som er yngre enn meg og med langt smalare og mindre erfaring enn meg kjem til å bli rangert over meg fordi han har vore flink til å få dei rette tinga på CV'en 
Her i akademia er det kun tellekantar som gjelder og ikkje kva du faktisk kan.
Eg har fleire publikasjonar enn han, men han har til gjengjeld passa på å få på papiret at han har vore med å veilede PhD-studentar. Eg har også holdt på med veiledning i bøtter og spann, men eg har kun fått medforfatterskap som belønning og ikkje tenkt på at det kunne ha vore lurt å formalisere det og få skriftlig at eg har vore veileder.
Eg står også oppført med mindre undervisningsansvar enn eg eigentlig har hatt fordi eg i fleire år lot ein professor stå oppført med emneansvar for eit emne eg eigentlig gjorde 99% av jobben med. Eg tenkte det ikkje var så nøye sidan alle uansett visste at det var eg som gjorde det meste. Dei siste to åra har eg stått oppført med emneansvar, men eg har eigentlig gjort jobben sidan 2009....
Min mannlige kollega har sjølvsagt sørga for å bli godt kreditert for sitt undervisningsansvar frå dag 1. Så på papiret ser det ut som om han har hatt meir ansvar enn meg.
Kor naiv går det an å bli, eigentlig? 
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|