Sv: Kan "alt" serveres i en konfirmasjon?
Det ville vore feil for oss (merk for oss) å servere berre lasagne eller taco eller sodd i ein konfirmasjon/bryllaup/barnedåp. Såpass store hendingar skjer såpass sjeldan, at eg synes det godt kan vere litt formelt og litt stas over det. Det ville blitt ein bygde- og familiesnakkis om me hadde servert så mykje anna enn tapasbord, koldtbord eller to-treretters middag. No hadde det blitt bygde- og familiesnakkis om me hadde hatt mindre enn ti kaker også. Men om me virkelig hadde ønska noko anna, så hadde me sjølvsagt gjort det. Bygde- og familiesnakkis til tross.
Når det er sagt, så får konfirmanten lov å bestemme litt. Me hadde ikkje lagt opp til middag ho ikkje likte. No går me for koldtbord, og da har me eit par av hennar favorittar. Pølser og kanskje kyllingvinger. Litt nølande til det siste, for ho grisar så kriminelt når ho eter det. 
__________________
Bergensis
|