Sv: Skrive nynorsk på FP-veke
Opprinnelig lagt inn av Lille*My, her.
Slik er sambuaren min og. Han skriv nynorsk til familien sin, men bokmål elles. Tidlegare skreiv han nynorsk heile tida, men fekk så mykje tyn og kommentarar (IT-bransjen, privat næringsverksemd med hovudtyngd av kontaktnettet i Oslo og Vestfold) at han til slutt ga opp, og gjekk over til å skrive bokmål i jobbsamanheng.
Han pratar fortsatt dialekt, men får mykje tyn og "morosame" kommentarar for det og, av godt vaksne mannfolk. Ikkje i og rundt Oslo, der er vel folk vant med litt forskjellig, men særleg litt lenger sør, i Sandefjord og omegn, ser det ut til at vestnorske dialekter fortsatt er noko eksotisk og framand, som må kommenterast og hermast, i alle passande og upassande samanhenger.
Er det mulig? Herlighet, er ikkje verden komme lenger, liksom. Eg, som er fra Hardanger, følte meg av og til som vandrende folklore når eg budde og jobba i Asker. Her eg bur no, førtifem minutt fra akser, er det ingen som bemerker noko. Rart, egentlig, men reknar med at det er fordi dialekten her er meir utprega enn i Asker. Så dei har egentlig nok med seg sjølv 
__________________
 05
|