Vis enkelt innlegg
Gammel 24-01-17, 13:43   #15
gajamor
Travelt opptatt
 
gajamor sin avatar
 
Medlem siden: Sep 2007
Innlegg: 6.842
Blogginnlegg: 3
gajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtid
Standard

Sv: På eventyr i Europa?

Vi har vore på bilferiar dei siste tre åra, men har for det meste kjørt nordover (Noreg rundt, Island, Færøyane, Sverige, Åland, Finland, Sapmi). Ungane trivs godt, men går lei etter nokre veker på farten. Så lenge eg har alt eg treng i bilen så kunne eg nok blitt nomade på heiltid. Trikset vårt er at vi er veldig strenge på kor mykje vi har med, alt har sin plass, og vi søv i bilen så mykje som muleg. Ungane likar hytter og hotel betre, og i nord brukar det gå heilt fint å booke etterkvart. I sør-Finland var det litt verre, men det er aldri krise når ein har seng i bilen. Om turane våre: http://travelelectric.blogspot.no/

Planen din høyres bra ut, så lenge de har nok tid. Eg syns og turane blir best når vi har ein eller fleire planar å ta utgangspunkt i: I utgangpunktet kan vi kjøre til A og B, men om det blir dårleg ver så kan vi ta ein tur via C. Om vi blir seine så er museum D stengt, men då kan vi gjere E i staden for, etc.

Etter å ha lese om dine planar fekk eg lyst til å reise sørover. Diverre har vi allereie booka tre veker på Færøyane, men kanskje får eg lurt med i alle fall ein unge på ein liten avstikkar til Tyskland (og vidare sørover?) når vi kjem tilbake med båten til Danmark.

__________________
Litjtausa 06. Lille skatt 07
gajamor er ikke aktiv   Svar med sitat