Sv: Kjøkkenhjelp/servering til selskap
I dåpen til poden var me 25-30 stk, og der ordna me alt sjølv. Me hadde koldtbord. Det var stress, og eg har ikkje lyst til å gjenta det til konfirmasjonen i vår. Eg håpar å få to stk til å hjelpe til før, under og etter sjølve koldtbordet. Dessert/kake-seansen klarar me sjølve. Me har lagt inn at me betalar dei omkring 500 kr kvar for eit par timars arbeid. Om dei ikkje vil ha betalt, så gir me gåvekort på tilsvarande. Og me stiller sjølvsagt opp som gjenytelse seinare.
__________________
Bergensis
|