Sv: Skrivefeil i brev fra skolen
Eg er delt. Eg har hatt veldig flinke gymlærer- og mediefagkollegaer som er dårlege på rettskriving og eg synest det er fint at elevane kan møte voksne som har både sterke og svake sider i ein skule med ekstremt fokus på måloppnåelse på alle områder. (Og dette er òg grunnen til at eg meiner at kravet om 4 i matte er heilt håplaust.) Samtidig handler det jo om forbilete og om å lære å skrive riktig. Men mi erfaring er at dei som strever med rettskriving sjeldan underviser i norsk.
Eg ville nok forsøkt å finne ut kven som hadde skrive skrivet. Er det ein SFO-assistent, gymlærer, mattelærar, formingslærer eller liknande hadde eg latt det gå. Og viss barnet hadde lagt merke til det, hadde eg benytta anledninga til ein prat om sterke og svake sider. Er det ein som underviser i norsk eller andre språkfag ville eg ha vurdert å gi tilbakemelding.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|