Sv: "Jeg er ikke ute etter noen, jeg er ute etter noe"
Eg kan kanskje legge til at mitt utgangspunkt for tematikken med overføring av holdninger, psykisk sjukdom, arv og miljø har vore at spørsmålet om forebygging av vidareføring har vore eit spørsmål som opptar meg personleg. Mykje av det eg har lese om emnet, er stoff eg har fått frå dei som jobber med barn som pårørende på den avdelinga eg er tilknytta. Og eg har blitt - litt absurd - positivt overraska over kor mange faktorar som speler inn og kor komplekst dette er. Det er mykje ein kan gjere som forelder for å forebygge ein slik ond sirkel. Eg ser jo at denne innfallsvinkelen er annleis enn det som er relevant for denne diskusjonen. Og det tar eg på mi kappe.
Eg held likevel fast på at det er lettvint og fordomsfullt å avfeie problemstillinga med ei litt fatalistisk "holdninger går i arv"-tenking. I alle sakene det har vore lenka til her, står det at det er vanskeleg å isolere årsaker og forklaringer og konkludere med kva som er kva. Og det er nettopp dette det blir forska på. Eg er glad for at det ikkje er så svart-kvitt som at uførhet går i arv, punktum. Det betyr at det er mogleg å forebygge denne effekten, noko som har vore mitt perspektiv i lesinga av dette materialet.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|