Sv: Sjokoladefontene - førstereis ber om tips
Sjokoladefontene er den store attraksjonen på kvar barnebursdag her i huset.
Eg smeltar litt Delfiafett og blandar saman med melkesjokolade. Det blir litt på slump, eg prøvar meg fram, men kanskje 30-40 gram på to store plater Melkesjokolade? Det går glatt 8-9 store plater på 20 ungar, fleire korger med jordbær og i tillegg bringebær, blåbær, druer, fersk ananas og banan. Eg legg fram grillspyd i tre ved sidan av skålene med frukt og bær, så fiksar dei resten sjølv. I tillegg får dei ei streng formaning om at dei må bruke nytt grillspyd kvar gong, og at det er strengt forbode å stikke fingrane sine inn i fontena. Det fungerar heilt strålande. 
Ver obs på at det tek litt tid å smelte Delfiafettet (eg brukar mikro, også til sjokoladen, men den tek litt mindre tid), så det er lurt å berekne litt tid til å lage blandinga før ein får starta fontena.
|