Sv: Påtvungen oppussing
Vi lånte med fleire prøver heim, både parkett, laminat og klikkvinyl. Det var veldig nyttig, både i forhold til å sjå det i samanheng med rommet, golvet i naborom, og å få "prøvegå" på materialet. Vi enda på klikkvinyl fordi det toler mykje, meir enn parkett, og fordi det var mykje mjukare og varmare å gå på enn laminat. Vi trampar inn på med våte sko og det som er, utan problemer, men klikkvinyl skal ikkje brukast i våtrom, der må det nok heil vinyl til, eller fliser.
Vi fekk veldig god hjelp i byggevarehus, og ville nok spurt om tips der, i tillegg til å få litt oversikt over utval av fargar og mønster i dei ulike material. Det er jammen mykje fint der ute!
|