Sv: Spinnoff: Hvorfor begynner folk å røyke?
Eg røyka frå eg var 15-16 til eg var 26.
Der og då visste eg ikkje korfor eg begynte, det "bare blei sånn". Men når eg ser tilbake på det handla det nok om ein god del sosial usikkerheit. På ungdomstrinnet hadde eg få venner på skulen, og ved overgangen til vidaregåande fekk eg det føre meg at det var lettare å slå av ein prat med folk som stod ute og røyka, enn å ta kontakt med folk på måfå. Så eg brukte sommaren til å "lære" å røyke, slik at eg ikkje skulle hoste så fælt. Eg gjekk frå å røyke av og til, til heile tida då eg var på internatskole etter vidaregåande. Det var det same - mykje lettare å oppsøke folk og ha noko å gjere i friminutta, viss ein røyka.
Det er jo ikkje lenger slik at det er eit sosialt miljø rundt røyking på vidaregåande skular, og eg trur det har vore ei holdningsendring blant ungdom sidan 90-talet.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|