Vis enkelt innlegg
Gammel 18-07-16, 18:01   #1
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.674
Blogginnlegg: 175
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

[Bilstoler] Bakover lengst mogleg? Bakover til 4 år/15 kg.? Snu eller ikkje snu?

Eg er interessert i ulike synspunkt rundt å snu barn på snart 4 år (15,2 kg./ 100,5 cm.).

Eg og mannen er ikkje heilt einige. Eg tenker at det er ingen grunn til å snu, sjølv om Ungen strengt tatt er stor nok. Mannen argumenterer med sittekomfort både for Ungen og for meg eller eventuelle andre i passasjersetet, at vi får lite kontakt med Ungen når han sitt bakover og at han lett blir bilsjuk (dette har eg lese ein god del om og eg tviler på relevansen av bakover-/framovervendt bilstol, så lente Ungen sjølv ikkje følgjer med på vegen. Og det vil han neppe gjere sjølv om vi snur han). Men det er stort sett dei vanlege argumenta for og mot å snu.

Det eg er ute etter, er ikkje nødvendigvis ei poengtering av at bakover er tryggast, for det veit eg. Men eg lurer på kva tanker og vurderinger som er blitt gjort, av dei av dykk som har vald å følgje anbefalinga om 4 år/15 kg.

Deretter kjem val av bilstol. Vi har ein Britax Multi-Tech II, kombistol. Så vidt eg har skjønt er det delte meininger om å snu kombistolar. Kva er argumenta mot dette? Eg skjønner at det å bruke 5-punktsele forover gir større belastning for nakken, ved eventuell kollisjon. Men dersom vi bruker bilbeltet (3-punktselen), er det då sterke argumenter mot å snu kombi-stolen, eller vil den fungere som ein beltestol med ekstra feste?

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.

Sist redigert av nokon : 18-07-16 kl 19:04.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat