Sv: Når 9-åringen ikkje vil ha bursdagsselskap....
Vinterferie rett etter påskeferien er nytt av året. Veit ikkje heilt kvifor dei har valgt å gjere det sånn.
Det er mulig eg hadde klart å overtale ho til eit miniselskap her heime med dei fire nærmeste venninnene. Men det sitt langt inne hos meg å gjere dette sidan eg var den som tok til orde for "alle av samme kjønn" på foreldremøtet i haust. Eg var ganske bestemt også. Klassen var ny i haust sidan tre klassar blei miksa og slått saman til to. Eg syns derfor det er viktig å inkludere alle for å skape godt samhold blant jentene i klassen.
Men eg begynner i alle fall å innsjå at det ikkje kjem til å bli delt ut invitasjonar på mandag. Mulig eg blir nødt til å svelge ein kamel og invitere dei fire ho er mest med på pizza og film uten å kalle det bursdag. Æsj, altså...
Gruar meg til ho blir tenåring. Ho kjem til å bli ein prøvelse...
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|