Vis enkelt innlegg
Gammel 18-12-15, 15:39   #11
Olvina
Gjer så godt eg kan
 
Olvina sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Innlegg: 2.654
Blogginnlegg: 179
Olvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt likt
Standard

Sv: Dere som er flinke til å prioritere i førjulstiden

Eg bakar 6 sortar julekaker og lefser i tillegg, kjøper minst 40 julegåver og skriv og sender ut 50 julekort. Likevel er det lite stress. Trikset her er å starte tidleg. Såpass tidleg at dei første julegåvene gjerne er i hus i august. Eg netthandlar så mykje eg kan, får nyheitsbrev og tips om tilbod sendt til eigen e-post, og klikkar heim gåver etterkvart som det dukkar opp aktuelle tilbod.

Når desember først har slått til, er det viktigaste for meg å droppe alt som eg ikkje MÅ. Alle BURDE blir stroke av lista. Det gjeld spesielt alle arrangement som dukkar opp. Skulle eg gått på alt, hadde nesten kvar einaste kveld vore opptatt og det er heilt uaktuelt. Eg vaskar ikkje over alt, kun vanleg helgavask. Lister er alfa og omega. Eg har ei bok der eg skriv opp alle julegåver og kven som er mottakar kvart år, det same gjeld julekort (og bursdagsgåver). Då har eg full kontroll på kven og kva og event. str på kle og det går relativt greitt å finne gåve i aktuell sjanger til dei fleste.

Med unntak av bakst, kjøper eg det meste ferdig på butikken og prøvar å gjere eit eller anna av juleførebuingar kvar dag heile den siste månaden. Det er lettare å ta ein liten halvtime kvar dag, enn å jobbe timevis i strekk heilt på tampen.

Olvina er ikke aktiv   Svar med sitat