Vis enkelt innlegg
Gammel 21-05-07, 10:07   #4
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Innvandrer og bunad

Min mann er islandsk og når han skulle ha bunad kunne han ikkje tenke seg noko anna enn islandsk folkedrakt. Han seier at han alltid vil føle seg som islending, sjølv om han snakkar prikkfritt norsk (med min dialekt) og har nordisk kulturarv. Eg må sei at eg syns det er mest naturlig at ein voksen brukar folkedrakt / bunad frå det landet ein voks opp i, men eg blir på ingen måte rysta eller sjokkert dersom nokon vil foretrekke ein norsk bunad. Kanskje syns ein at drakten frå landet ein voks opp ikkje er fin. Eller ein føler seg meir norsk enn det ein er islandsk / nederlandsk / pakistansk. Slike grunnar forstår eg godt.

Eg har feira internasjonal 17 mai i Stavanger fleire gonger; kjempeartig å sjå alle folkedraktene! Dei fleste innvandrarar valgte å feire dagen med drakter frå det landet dei opprinnelig kom frå. Flott og fint syns eg, mange fantastisk vakre drakter! Men om eg hadde møtt ein farga person med raud nisselue så ville det vore heilt i orden det også

Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat