Sv: Vi har kjøpt oss hus. Kjøkkeninnspill?
Som dei andre seier: skuffer. Store skuffer rommar mykje, men obs obs: dei er upraktiske dersom det er fleire på kjøkkenet samtidig. Alltid nokon som står i veien for ei stor skuff. Dei er også tunge, og du treng inndeling innvending for at alt ikkje skal ramle rundt. Tenk gjennom det før du velger +80 i alle fall. Vi har standard 60, og er veldig glad for det.
- Smuleluker knytta til sentralstøvsugar er veldig, veldig kjekt, dersom mulig
- Hugs kjeldesorteringa. Treng du eitt eller to benkeskap til plast, papir, søppel og metall? Og sørg for at det er uttrekkbar løysing på det!
- Tenk over kva de har av elektriske kjøkkengreier. Kor skal det vere, og kor treng de da stikk?
- Om du har plass er det kjekt å ha både steikovn og dampovn. Eg brukar begge to heile tida, og gjerne samtidig.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|