Vis enkelt innlegg
Gammel 23-10-13, 14:30   #21
Effie
wizzzard
 
Effie sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2009
Innlegg: 963
Blogginnlegg: 1
Effie er populærEffie er populærEffie er populærEffie er populærEffie er populærEffie er populær
Standard

Sv: Hva prioriterer man bort ved dårlig råd?

Me har akkura gått gjennom for å finne ut kva me kan kutte her, for denne månaden har det vore heilt skrapa, og til og med bufferkontoen er omtrent lik null.

Me har filmpakke hjå canal digital, den kan eg godt klare meg utan, men effiemannen vil gjerne ha om me klarar. Me et middag (nesten) kvar dag, ingenting fancy men rimelig og grei mat. Et aldri ute, går på kino ein gong i året (i år blir det Hobbiten ), reiser ikkje på ferie. Det dyraste unødvendige hjå oss er hundane... Dei er så viktige for kvardagstrivselen så det sitter langt inne å kutte ut, men venter litt med å gå fleire kurs og slikt til me kjem ovanpå att. Det er nesten tomt for hundemat men me har ein del kjøt i frysen dei kan få fram til neste lønning så det går greit.

Ellers brukar eg denne månaden briller i staden for å kjøpe linsevæske sidan det var tomt. Går utan lyd på øyra når eg går tur, fordi øyreproppane er øydelagde og eg vil ikkje kjøpe nye akkurat no. Strikker julegåver av restegarn, klipper luggen sjølv, og makar sokkar i staden for å kjøpe nye. Så eg har egentlig alt eg treng.

__________________
Det är ni som är dom konstiga, det är jag som är normal.
Effie er ikke aktiv   Svar med sitat