Sv: Converse i skinn? Grei vintersko?
Eldste fekk slike sist vinter. Alternativet var tynne, utslitte Converse i stoff, for dei vanlege (varme!) vinterskoa ho hadde var sjølvsagt ikkje kule nok. Fora Converse i skinn var gode nok, for bruk til og frå skule og fritidsaktivitetar, konkluderte eg med då. Eldste sjølv var fornøgd og hadde nok ikkje nemnt med eit ord om det var for kaldt uansett. Til bruk ute over lenger tid kan eg aldri tenke meg at det fungerar noko særleg, men den kampen orka eg ikkje ta då.
|