Sv: Hvorfor stemmer folk Krf?
Opprinnelig lagt inn av Skremmern, her.
Jeg forstår fremdeles ikke hvordan man kan "skapa eit godt samfunn" når man diskriminerer, men så tenker jeg også ganske annerledes enn den jevne krf-velgeren.
Eg trur du overser den religiøse dimensjonen i argumentasjonen. Dei fleste KrF-veljarane vil ikkje sjå på synet på homofili som diskriminerande, som sådan.
Då eg vanka i det konservative bedehusmiljøet på Vestlandet i tenåra, trudde eg at homofilt samliv var synd. Eg meinte at homofile kunne ikkje noko for legninga si, men dei trengde ikkje leve det ut. Eg trudde at Gud hadde skapt mennesker til å leve saman under bestemte retningslinjer. Eg trudde at Gud ville det beste for menneska både på jorda og i livet etter døden. Eg trudde at mennesket si vurderingsevne stadig blei prøva, og at vi derfor måtte ha fokus på dei retningslinjene som var sette, sjølv om vi ikkje alltid forstod dei.
Den religiøse dimensjonen skaper ein pliktetisk tankegang. Fordi ein trur at det finst høgare makter som har større kunnskap om livet og evigheita og alt, er ein forplikta til å ta imot rettleiing frå denne høgare instansen. Eit eksempel som ofte blei brukt i forkynning, var at eit lite barn skjønner ikkje korfor det ikkje får lov til å krabbe ned trappa, fordi det ikkje ser at det er farleg. Når foreldra sett opp ei grind og stenger trappa, er det ikkje ondskapsfullt, men barnet vil gjerne tru at foreldra er slemme, fordi dei ikkje ser kva det blir beskytta frå.
Mange konservative kristne les Bibelen veldig bokstaveleg. Dei trur at det er til det beste for mennesket å følgje dei retningslinjene Gud har gitt menneska, fordi dei er til menneska sitt beste på sikt. Vi bare skjønner ikkje sjølv kva vi blir beskytta frå.
Eg tenker ikkje slik lenger, og eg kjem heller ikkje til å stemme KrF. Men eg opplever ofte at vi i vårt individorienterte samfunn er veldig snare til å snakke om religionar generelt, særleg kristendommen, jødedommen og islam, kor folk trur på ein autoritær gud som har laga retningslinjer for mennesket som diskriminerande. Men det er ikkje eit negativt menneskesyn, det er eit annleis menneskesyn. Det er eit menneskesyn som inneberer at mennesket er forplikta på noko anna enn seg sjølv. Men eg synest denne måten å framstille religiøse menneskesyn på er svært forenkla og mangler forståing for det religiøse aspektet og kva det inneberer.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|