Sv: Å gå tomt for knær...
Eg har inga forklaring, men eit apropos å komme med. Eg gjekk til ein privat (svindyr) veldig flink fysioterapeut, nokre veker, og eg sa rett ut at eg var fornøgd med behandlinga, men eg hadde ikkje råd til å fortsette der. Han sa at han hadde fått tilbod om driftsavtale, men takka nei. Viss han tok imot avtale om driftstilskot, ville han bli forplikta til å prioritere slagpasientar og andre som hadde krav på behandling, men når han jobba privat kunne han sjølv velje dei pasientene han syntest var spennande.
- For meg blei det ei litt urovekkande påminning om korfor det er viktig med offentleg helsevesen.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|