Vis enkelt innlegg
Gammel 07-06-13, 10:49   #1
Olvina
Gjer så godt eg kan
 
Olvina sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Innlegg: 2.654
Blogginnlegg: 179
Olvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt likt
Standard

Kva skjedde med bilane våre?

I går ettermiddag var det plutseleg umogeleg å låse opp dørene på bilane våre med fjernkontrollen. Vi har to bilar, ingen reaksjon på nokon av dei. Mannen skulle reise eit par timar før meg, begge bilane måtte låsast opp med nøkkel i døra på dei tidspunkt vi skulle reise. Begge køyrde dit vi skulle og det fungerte både å låse og låse opp begge bilane med fjernkontrollen på stoppestaden. Vi kom heim på same tid seinare på kvelden og i garasjen fungerte ingen av dei, begge bilane måtte låsast med nøkkelen i døra.

I dag tidleg fungerte begge som dei skulle igjen i garasjen. Kva skjedde eigentleg i går ettermiddag/kveld? Den nærmaste naboen var vekke heile ettermiddagen og kvelden, så eg trur ikkje dei har gjort noko spesielt og ingenting er endra i garasjen av oss i det siste.

Olvina er ikke aktiv   Svar med sitat