Vis enkelt innlegg
Gammel 19-09-12, 20:54   #16
naima
nerdedame
 
Medlem siden: Feb 2010
Hvor: Trondheim
Innlegg: 545
naima er litt kulnaima er litt kulnaima er litt kul
Standard

Sv: Den store komposttråden

Vi har kompostert i 5 år, med samme binge som veronal har. Ingen problem med bingen, bortsett frå at gummipakninga/"strikken" som ligg under ytterlokket har ein tendens til å falle av. Eg har framleis ikkje hugsa lime den fast, men det er nok eit ok prosjekt for ein limpistol...

(Utan denne pakninga blir det fort for kaldt nedi bingen dersom det ikkje tilførast ny masse ofte, og om vinteren.)

Vi komposterer alt matavfall i den, unntatt store bein (ribbe, kotelettar osv). Bein tek lang tid å kompostere. Mellomleggspapir (AKA "tømme Ungens matboks") går fint, samme med kaffefilter, teposar, serviettar, tørkepapir osv. Og altså kjøtt, fisk, potetskrell, avkapp, restar, mugne greier osv.

Vi har ikkje hatt hageavfall oppi, bortsett frå aller første gongen. Det tek for stor plass, og vi har kaldkompostbingar til det. Så då blir det matavfall og varierande mengder strø - i sumar ingen strø strø sidan mai, trur eg, har gløymd å kjøpe. Det komposterer tydelegvis lell.

Vi har ei 5-litersbøtte med lokk på benken. Før hadde vi lita (3l?) pedalbøtte, men innebøtta gjekk i stykker og det var litt tungvindt å måtte ta ut innerbøtta for å kunne fylle den utan å halde oppe lokket. I vår familie - 2 vaksne og 1 barn (vel, 2, men den yngste komposterer lite) - BØR bøtta tømmast 3 gonger i veka, og MÅ tømmast 2. Vi lager all mat frå grunnen av, spiser (og skreller) ca 2-3 kg gulrot i veka, og kaster skorper+litt til frå ca 5 skiver om dagen.

Dette er iallfall meir enn nok til å halde liv i bingen heile året. Eg pleier å røre i den kvar gong eg tømmer, iallfall når det ikkje er for kaldt og vått ute. I vinter komposterte den heilt greitt, forrige vinter fraus den. Skilnaden var at då var det kaldare, bøtta inne vart tømt sjeldnare og pakninga rundt lokket hadde løsna.

Vi har prøvd å tømme den to gonger i året, vår og seinhaust. Då fjerner vi det som ser ferdig ut gjennom "bakluka", og resten ramler til bunns. Jorda som er gravd ut etterkomposterast eit år, det er mogleg det ikkje er nødvendig, men det har blitt sånn. Karsetest anbefalast før jorda brukast: så karse i jorda, spirer dei så er jorda ok, om frøa ikkje spirer så må jorda ligge og ferdigkompostere seg.

naima er ikke aktiv   Svar med sitat