Sv: Redebygging: Kva _treng_ ein til første barn?
Ja, Matilda, du sa bæretøy. Eg har lurt litt på det. Eg synest slike sjal ser veldig fine ut, men så var det nokon som sa at slike selar kor ein bruker hoftene til å bære er betre for å belaste kroppen min riktig, etterkvart som ungen blir tyngre. Er det nokon som har nokre tankar om det i same slengen?
Det kunne eigentleg vore greit å prøvd ut begge deler, men det er jo vanskeleg før fødselen.
|