Sv: Koselig rekkehusområde rundt Bergen
Har budd i Bergen vest i mange år, og vi hadde det veldig bra der. Sjølv Loddefjord er ikkje fasonabelt eller vakkert, men var det vi hadde råd til da. Å dra inn til byen var ingen problem, barnehagen var verkeleg super, og likte grøntområda rundt Storavatnet / tur til Lyderhorn. Der er rekkehus i Hetlevikåsen - rolig og ok, ein del av dei med fantastisk utsikt over Storavatnet. Men dei større områda med rekkehus finn du ut mot Olsvik - Kjøkkelvik.
Askøy må du vurdere - er jo så godt som byen det også. Det same gjeld deler av Fjell og Os.
Arna er eit område som kjem til å bli attraktivt. Og ja, der er sol. Har fleire kollegaer som bur der og dei trives veldig godt. Mange misunner dei den raske reisa til sentrum.
Vi valgte å flytte ut av bergen kommune sine grenser. Er spesielt glad for det når det er streik.... Det viste seg å vere eit veldig riktig val for oss, og vi trives godt her på "bygde" med små forhold og ungar som spring fritt. Det er ca 30 min inn til byen med bil utanom rushet. Brukar byen like mykje og på samme måte som når vi budde i Bergen vest.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|