Sv: Skifte du dekk sjølv?
Eg har gjort det nok gonger til at eg veit kordan det gjerast, og dei siste par åra har eg vel stort sett gjort det - Mannen har beleileg nok vore bortreist når det var på tide å skifte (og vi har p.t. piggdekk kombinert med trøndersk haust og vår, så fristane bør tøyast). Men i år fiksa han det, medan eg og Ungen trilla dekk og leika i sandkassa. Ikkje så behagleg å kravle rundt på bakken med jekk med denne magen heller.
Eg synes det er eit poeng å gjere det hyppig nok til at eg framleis kan gjere det, i staden for å vente eit par timar på NAF om eg punkterer. Bensinstasjonen vi er nabo med skal ha 500 for å bytte dekk, og det er litt meir enn eg synes det er verdt.
|