Sv: Ferger fra Athen til Sifnos, Sifnos til Folegandros og Folegandros til Santorini
Opprinnelig lagt inn av Polyanna, her.
Jeg trenger altså å vite om det går båter fra Athen til Sifnos den 4. Juli, fra Sifnos til folegadros den 8., og fra folegandros til santorini den 13.
Klokkeslett irrelevant.
Altså, generelt er det litt tidleg for spesifikke ferjetider for sommaren enno. Eg trur rutene til dei fleste ferjeselskapa plar kome på plass i mai.
Men Greek Travel Pages seier:
Pireus–Sifnos 4. juli
Avgang 07.30, ankomst 10.40
Aegean Speed Lines (Speedrunner 4)
Sifnos–Folegandros 8. juli
Ingen treff no, men det kan godt hende det dukkar opp ein båt seinare. Ha tolmod. Eg veit at det gjekk båtar på dette strekket i fjor sommar, men vel ikkje kvar dag.
Folegandros–Santorini 13. juli
Avgang 10.25, ankomst 11.15
Sea Jets (Superjet)
Både Speedrunner og Superjet er slike snøggbåtar, der ein må sitje inne i ein salong. Dei går fort, er dyrare enn vanlege båtar og har kanskje litt mindre atmosfære. Følg med på GTP utover våren. Du kan også få mange gode tips og svar på spørsmål på Kalimera.
God tur til sommaren!
|