Sv: Erfaring med spiraltrapp?
Oppdaterer ein fryktelig gammal tråd med at trappeholet er klart for støyping hos oss. Det blir 220 i diameter, og gir plass til ei vindeltrapp der kvart trinn er 90 cm. bredt. Da satsar eg på at trinna vil bli behagelig breie nok ytterst i ringen, slik at ein kan gå trygt. Vi kjøper trapp hos Bjørns Trevare i Larvik, og får den sendt her. Har godt tru på at dei lagar noko veldig bra til oss - veldig god service så langt! Vi har bestilt i kvitmattlakka ask eller eik, og den blir produsert etter våre mål.
Så da håpar eg verkeleg at trappa blir god. Blir montert i juni ein gong. Høyrer gjerne frå dei andre i tråden - fleire med vindeltrapp?
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|