Vis enkelt innlegg
Gammel 01-02-12, 23:52   #5
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.757
Blogginnlegg: 175
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Nivådelt opplæring

Eg har skrive ei heil fordjupningsoppgåve i pedagogikk om dette emnet, og dette engasjerer meg! Eg trur vi er alt for redde for å stigmatisere til at vi får tatt elevane sitt læringsbehov på alvor, i den norske skulen. Eg synest det burde vere nivådeling i basisfag som norsk, matte og engelsk. Alder har ingenting med reelle ferdigheiter å gjere. Både sterke elevar som blir understimulert og svake elevar som aldri får det dei skal ha på sitt nivå, lid under tanken om at alle skal vere like. Eg trur at dersom elevane hadde fått lov til å lære i eige tempo og lærarane hadde fått tilpasse opplæringa til det faktiske nivået i gruppa (ikkje ein gjennomsnittselev som ikkje finnst), ville læringsutbyttet til elevane vore langt større. Men dette strid mot tanken om at alle skal vere like. Eg synest det er synd at dette er det rådande idealet. Alle er ikkje like, og eg trur skulen skaper taparar ved å tvinge alle gjennom eit system som ikkje er tilpassa dei.

Ja til revolusjon i den norske skulen!

nokon er ikke aktiv   Svar med sitat