Sv: Når byrjar jenter med hæl på skoene?
Storesøster driv framleis på med og springe rundt, og herjer med lillesøster og andre på besøk. Heldigvis! Og må det vare lenge endå. Favorittskoene hennes er Timberland hikingsko, så eg trur nok ikkje ho ville gått så mykje med høge heler om ho hadde fått det. Men det er prinsippet. På same måte som med sminke. Ho er eit barn, ho treng det ikkje.
Eg har sagt at når ho kjem opp i 6.- 7. trinn kan ho få bruke sminke i selskap og slikt, men eg vil nok hjelpa ho ein del. Den same avtaler trur eg at eg skal gjer med ho ang. høge heler, kun til selskapsbruk og ikkje ellers.
Min første tanke når eg såg denne jenta i dag, var "Lolita". Det er nok å dra det langt, men ho gjekk i klær og sko som mine tantebarn på 16-20 går i. Det er jo ein enorm forskjell i det å la barn kle seg ut i høge heler, sminke og stæsj i leikesituasjon, og det å signalisere at det er ok å gå slik til vanleg. No hadde ho riktignok ikkje sminke på, siden ho ikkje får bruke det endå.
Eg føler at eg snart er den einaste rundt her som tviheld på "barnsligheten" til mine jenter. Noko som storesøster synest er blodig urettferdig sjølvsagt. Men eg forklarer grundig mitt syn, og då er det stort sett greit. Litt sukking og himling med augo, før ho klager seg til venninnene over den utrulig trege mora ho har. 
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|