Sv: Varmepumpe eller vedovn?
Vi har begge deler og ville ikkje bytta det vekk det eine mot det andre. Varmepumpe er fantastisk godt ned mot temperaturar rundt minus 5 og gjer at vi har ein ok grunntemperatur, men når det er skikkeleg kaldt er det godt å fyre i omnen i tillegg.
Faren min, med stor skog og tilgang på mykje ved, sa det enkelt og greitt då han fekk montert inn pelletsomn; "I teorien har vi fyrt med ved, men det er berre når vi er tilstade. Når vi er på jobb og om natta er det elektrisk omn som har holdt det nogenlunde leveleg her". Pelletsomnen er god med at den varmar godt uansett utetemperatur og du kan fylle på så mykje pellets at det held nokre timar. Har de sjekka ut det alternativet?
|