Sv: iPhone vs Samsung Galaxy S2?
Eg har blitt veldig glad i iPhonen min, men eg har inntrykk av at dei som har samsung sine tilsvarande produkter også er fornøgd med sine og at dei er konkurransedyktige mot kvarandre. For meg var den avgjerande grunnen til at eg valde iPhone at eg bruker mac. Då har telefonen tilsvarande os som macen og det er enkelt å køyre saman kalender, mail og andre ting som ein gjerne bruker både på mac og telefon. Eg har inntrykk av at det er vanskelegare å få mac-kalenderen til å kommunisere med android-telefonar.
|