Sv: Sender du ut julekort?
Stemte på ja, sjølvsagt, men det er eigentleg ikkje det. Eg har store planar om å senda i år, men har ikkje gjort det siden borna var nyfødt. I dag har eg i alle fall tenkt å ta bilete og bestilla i kveld. Seint ute ja, men eg skal gjera det. Må berre, først...
Me sender til familie, og så nokre få vener. Pleier ikkje å få så mange kort, men det har nok ein klar samanheng med at me ikkje har sendt ut heller. Håpar det det seg litt opp, for eg er egentleg glad i å få julekort med bilete. Greit at eg har dei fleste på facebook, men det er noko spesielt med å få kort likevel. Det treng ikkje stå noko meir enn god jul og godt nytt år, men det er tanken bak. Dei har gidda å skriva namnet vårt på ein konvolutt, og slengt på eit frimerke. Synest det er koseleg eg.
Alle kort med bilete, takkekort, julekort osv., set eg i album. Mamma har gjort det i alle år. Litt morosamt å ha kort frå to generasjoner t.d.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|