Sv: Oppbevaring av sølvtøy og gamle fotografier
Bestikkposer i stoff får du gjerne veldig billeg etter jul, iallfall sa Princess-damen (eller var det Kid-damen?) at det var sesongprodukt då eg kjøpte med stor rabatt i januar.
Gullsmedar har også posar som passer til ein og ein bestikkdel, i ulik størrelse, desse kostar ein del, men du kan sannsynlegvis få ein bra deal om du ber om pris på posar til 50 bestikkdelar eller kor mange du no har.
Om du vil ynskje deg nok til jul etc så kan du inntil vidare pakke bestikket i kjøkenhanddukar (legg bestikket utover og rull saman på ein slik måte at det ikkje ligg metall mot metall) og putte det i ein vanleg brødpose. Det gjer neppe meir skade enn oppbevaringa hittil har gjort.
Spør ein skikkeleg fotobutikk om dei rette albuma til bileta, men syrefritt papir er iallfall greia, og fotohjørner er bra. Eg aner ikkje om det er noko tabo mht kva du kan skrive bakpå bileta med, men vil gjette på at blyant er trygt og ikkje set merker gjennom. Bruk gjerne bomullshanskar (apoteket) til å handtere dei, så slepp du fleire fingermerke på dei.
|