Sv: [Hage] Hagearbeidstråden vår/sommer 2011
Eg er misunneleg på dere som alt har bed og planter dere kan flytte rundt og stelle med. Her er det kun ein halvdød plen endå, og ein ugrasåker som skal bli plen ein eller anna gong i løpet av våren/ sommaren. Det klør i meg etter å starta med bedet eg skal laga, men siden det vert liggande midt i "anleggsområdet", er det ikkje noko poeng i det før me er ferdig med gravemaskin og lastebil og alt.
Men til gjengjeld har eg god tid til å planlegga, og det er jo heller ikkje dumt. 
Til no er planen å planta japansk kirsebær på nabogrensa, for å ta litt innsyn og pynta opp litt. Og så har eg lyst til å prøva meg på fersken eller aprikos, men då vert det vel veggtre.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|