Sv: Jula før og nå
Eg har faktisk tilbrakt desempber med å tenka over akkurat den saken. I forhold til jul då eg var liten, velter me oss omtrent i luksus no. Eg hadde faktisk pakkekalender, men det var ein ferdigkjøpt sak med ein bitteliten ting i kvar dag. På skulen hadde me kalender laga av fyrstikkesker, og i den var det ein smørbukk kvar dag til den heldige. I dag er ungane nesten metta på gåver når jula endeleg kjem.
Barn får større og dyrare gåver, og då gåver som ville ha havna i "voksen" kategorien, som t.d. kamera, mobil, mp3. Dessuten føler eg at jula blir meir og meir travel. Det er fleire og fleire aktiviteter i forbindelse med førjulstida, og nesten alt koster pengar. Om ein ikkje kan kjøpa noko, er det gjerne inngangspengar i staden.
I år er siste året med gåvekalender her i huset, fordi eg ser at mine blir påverka av å få noko kvar dag. Sjølv om det kanskje er ei trusa eller ein pakke tyggis, så er det heila tida eit sug etter å få noko. Så til neste år vert det kun julepynt og aktiviteter i kalenderen, så får dei heller bli litt sure. Eg trur verkeleg dei har litt godt av det.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|