Sv: DINE preferansar for eit kjøkken
-Langveggen bakerst skal ha høgskap, innehaldande tvillingovnar (altså to steikeovnar), kaffimaskin, dampovn og evt micro. I tillegg til skap altså. Og då snakkar eg sånne skap der ein dreg ut hyllene samstundes med skapdøra.
-Ei stor, god øy med to oppvaskkummar, steiketopp og god benkeplass. Oppvaskmaskin og iallefall ei kjøleskuff i øya (til pålegg, mjølk..), i tillegg til vanlege skuffer i fleng. Og sjølvsagt barkrakkar sånn at den også kan fungere som eteplass.
-Kjølerom og tørrvarelager med dør inn frå eine kortveggen, og stor god familieplanleggingstavle over ein liten, lekker sofa på andre kortveggen.
:drømme:
__________________
05 - 06
Sist redigert av Tante Sofie : 10-12-10 kl 21:13.
Årsak: skriveleif
|