Sv: Norges største universitet klarer ikke å skrive riktig nynorsk
Men både bokmål og nynorsk endrar seg heile tida. Bokmål har endra seg mykje, og vil halde fram med det. Stadig fleire som brukar a-endingar i bokmål f.eks. Eg har ein kollega som brukar dette, fordi han har a-endingar i talemåten sin. Skrivemåten på jobb elles er nynorsk konsekvent. Det var vanskeleg for mine bokmålskollegaer i starten, men etter nokre månader flyt breva lett og konsist. Enkelte seier at dei nå slit med å skrive forvaltningsbrev på bokmål På min arbeidsplass er det nynorsk som er det offisielle, men vi skriv sjølvsagt bokmål til privatpersonar som vi veit nyttar bokmål. Staten er nøytral, og dei fleste kommunar er nøytrale.
Og så heiter det da "skule" (men det er lov med skole ja).
|