Sv: Lusesjekk på skolen
Nei, det blir ikkje sjekka på vår skule. Ikkje såvidt eg veit i alle fall. Og det syns eg er heilt greit. Dette må foreldra klare å sjekke sjølv!
Denne luseproblematikken har eg merkelig nok klart å unngå heile livet. Kan ikkje hugse eit einaste tilfelle av lus i klassen min då eg vokste opp.
No høyrer eg stadig vekk om lus i barnehagar og på skular, men merkelig nok ikkje i den barnehagen eg har barn. Ingen lusetilfeller der heller i løpet av dei seks åra eg har hatt barn der. No har eldste begynt på skulen, så kanskje det blir lus der etterkvart viss ikkje luse-flaksen min fortsetter.
Sidan det aldri har vore eit tema har eg derfor heller ikkje sjekka meg sjølv eller barna for lus, så kanskje vi rett og slett går rundt med masse lus i håret uten å vite det 
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|