Sv: Utsagn i artikkel om at kvinner vil forsørges, fra Dagbladet
Eg syns virkelig ikkje at eg har høge krav til reinhold, altså! Trur eg ligg godt under snittet. Vi har f.eks endå ikkje vaska vindu etter at vi flytta inn i rekkehuset for to år sidan, bortsett frå kjøkkenvinduet som ungane står og kladdar på kvar dag. Vi har heller ikkje vaska inni eller utanpå kjøkkenskap og slike ting. Komfyren har eg kanskje vaska ein gang etter at vi flytta inn.
Kunne tenkt meg å ha tid til vindusvask to gangar i året og kanskje vask av kjøkkenskap like ofte. Komfyren burde vi strengt tatt klara å ta ein kveld i blant etter kl 22. Tar jo ikkje så lang tid.
Ellers kunne eg tenkt meg å rekke å støvsuge to gangar for veka i staden for ein og mopping pluss støvtørk ein gang for veka. Og badet ein gang for veka.
Dette er vel ikkje så mykje?
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|