Vis enkelt innlegg
Gammel 07-06-10, 09:28   #2
Simone
Bør lage seg en tittel selv
 
Medlem siden: Sep 2007
Innlegg: 2.837
Simone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Sunwing resort Arguineguin

Vi var der for eit år sidan. Kjempebra hotell! Alle Sunwing-hotella har samme konsept, så etter å ha vore på ein del begynner det å bli vanskelig å holde dei frå kvarandre. Men opplegget er heilt topp for barnefamiliar!
Vi bestilte inclusive, og det syns eg er veldig greit. Slepp å tenke på kva vi skal ha til lunsj og middag pluss at ungane et gratis. Dersom du er lei av bufféane kan du få utdelt matbong som du kan bruke i La Tasca i staden for.

Saltvatnet var ikkje noko problem i det heile tatt. Heller tvert i mot! Deilig å sleppe klorlukta ved bassenget.

Lollo og Bernies miniland(det du kallar bamseklubb) har fine aktivitetar. Det er arrangert opplegg uten foreldre to timar nesten kvar dag. Resten av tida må foreldra vere med. Det syns eg er greit. Det er jo meininga at ein skal tilbringe tid med barna sine når det er ferie, så to timar er nok.

Du må også få med deg Minidisco og barneshow på scena om kvelden.

Når det gjeld ting utanfor hotellet ville eg tatt meg ein tur til Anfi Beach og
ein tur med sånn båt med glassbotn(går frå havna i Arguineguin)
Det er også eit svært badeland(Aqualand) 30-40 minutt med buss frå hotellet. Det er dyrt, men dersom du har ungar som likar vannsklier er det heilt topp! Både eg og mine ungar er litt pysete, så for oss var det litt bortkasta pengar.

Dersom du savnar norsk mat kan du tar deg ein tur til den norske Sjømannskirka i Arguineguin og kjøpe risengrynsgraut og norske vafler til dessert!

Det einaste negative eg kan komme på er at stranda ved hotellet er skikkelig dårlig. Men Anfi Beach er berre 5-10 minutt unna med buss. Fint å gå dit også, viss det ikkje er for varmt.

__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
Simone er ikke aktiv   Svar med sitat