Vis enkelt innlegg
Gammel 12-12-09, 00:05   #4
Olvina
Gjer så godt eg kan
 
Olvina sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Innlegg: 2.654
Blogginnlegg: 179
Olvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt likt
Standard

Sv: IKEA Whirlpool komfyr - er den bare så dårlig?

Vi har nettopp skifta ein steikeomn frå IKEA, Whirlpool. Den var eitt år gammal og steikte dårleg frå første stund. Tilslutt gjekk varmeelementet oppe, reperatør skifta det, og steikeresultatet vart endå verre. IKEA vart kontakta, og etter at dei hadde sjekka opp at Whirlpool hadde sagt at element var skifta forskriftsmessig og alt var riktig på det området, fekk vi tilsendt ny steikeomn. Ny og forbetra versjon av den modellen vi hadde, og vi slapp å betale mellomlegget.

Vi fekk steikeomnen levert på døra, vi fjerna fire skruar og tok ut kontakta, så var det berre å løfte den gamle steikeomnen ut av innreiinga og setje på plass den nye. Enkelt som berre det. Den nye omnen fungerar som den skal, og eg har byrja å bake igjen. Det er fem års garanti på denne typen varer, men det betingar at du kan vise til ei kvittering/ordrenummer. Vi har opplyst dette til IKEA når vi har ringt til kundetelefonen deira, og har fått strålande service kvar gong (vi bur langt unna, og kjøpte kjøken med dei fleste kvitevarer frå IKEA). Det er standard breidde på steikeomnen, så eg kan ikkje tenke meg at det kan vere noko problem å setje inn andre typar steikeomnar?

Modellen vi hadde heitte forresten NUTID 900/S (øh, trur eg. Den vi har no er merka OVN 908 S, på nettet ligg den inne som NUTID OV9), og eg forstod det på kundesenterdama at det hadde vore mykje problem med den modellen vi hadde først.

Olvina er ikke aktiv   Svar med sitat