- musikk
- litteratur
- kunst
- god mat og drykk
- Moder Jord(kall det gjerne "skaparverket" - i litt vidare forstand)
- Livet, Universet og Allting
- min Elskede
Kakao på termos
Mmmmmmm
Det er noko eige med kakao på termos. Skru av koppen, skru av korken eller trykka på knappen eller korleis det no er med desse nymotens variantane.
Kakaoen i min barndom kom ut av termosar som hadde korkar som måtte skruvast heilt av. Korkar som opprinneleg hadde vore kvite men no var misfarga av tid og kakao. Termosar som gjekk sund innvendig om ein miste dei i bakken slik at ein fekk kakao i skulebøkene om det var på skulen ein var så heldig å få med seg kakao.
No er det litlejenta(6) som skal ha med kakao på termos på skulen. Ho skal få trykka på korkknapp og treng ikkje vera redd for om termosen skulle gå i bakken. Dei nye termosane er vel på sett og vis betre. Men no har eg altså koka kakao på morgonkvisten og eg burde ikkje skreve om det for eg har eigentleg forsove meg litegrann, men eg får la SFO vera SFO i dag. Jenta kjem seg på skulen i tide og for min del går det greitt med jobben. Vart berre så inspirert av lukta av nylaga kakao som breidde seg i kjøkenet.
Ha ein fin dag folkens.
Kommentarer
Så koselig. Kjenner nesten lukta her jeg sitter. Gamle minner fra kakao på termos, appelsin og skiturer som unge
Gratulerer med blogg forresten |
|
Postet 06-11-09 kl 08:31 av gnuri |
Kakao.
Forsove seg. |
|
Postet 06-11-09 kl 08:43 av trøtt |
Å no fekk eg lyst på kakao! Svaret mitt vart plutseleg på nynorsk.
|
|
Postet 06-11-09 kl 09:28 av Ole Brumm |
Kakao er den beste lukten. Ihverfall ute når man er midt i skituren.
|
|
Postet 06-11-09 kl 11:31 av scilla |
Åja, nå ble jeg rent nostalgisk her. :mimre: - Og samtidig du verden så glad jeg er for at jeg ikke skal på fjelltur med en tynn posesekk å bære på med termos som kan gå i stykker, eller enda verre: Brusflasken fra brusmaskinen vi hadde.
(Fniser av Ole Brum, det er lett å la seg påvirke språklig. ) |
|
Postet 06-11-09 kl 12:11 av DM |
Kakao er godt - og et must på tur om vinteren.
|
|
Postet 06-11-09 kl 12:28 av Inagh |
Mmm...mimre, mimre. Kakaolukt, lang tur opp i heia, kalde fingre, skøyter og islagt vann. :hjerter:
|
|
Postet 06-11-09 den 12:40 av |
Fint innlegg! Jeg har også traumatiske minner om termonser som knuste og ødela tingene mine.
Kakao på termos er vel og bra så lenge det ikke har vært kaffe på termosen tidligere. |
|
Postet 06-11-09 kl 12:41 av Bluen |
- Blokkfløyte - ei oppdatering (07-02-13)
- Blokkfløyte - hata eller elska? (30-10-12)
- Mmmmmmmorgonstemning (20-09-10)
- Symbolikk i eit vridd band (04-06-10)
- Skitt skjer...(men vondt gjorde det ikkje...) (21-03-10)